Kolonnar
Losen visar straumane dine side om side, i kolonnar som rullar kvar for seg.
- Vel straum i menyen øvst i kolonnen.
- Flytt kolonnen til venstre eller høgre med pilene.
- Fjern kolonnen med krossen.
- Legg til kolonne legg ein ny til slutt.
Oppsettet høyrer til kontoen din, ikkje til nettlesaren. Det er likt på mobilen og på maskina, og loggar nokon andre inn i same nettlesar, får dei sitt eige.
På mobilen
Éin kolonne om gongen, med faner for å byta.
Kronologisk
Alle har den innebygde Kronologisk, det nyaste fyrst. Lagrar du han i redigeraren, får du din eigen versjon.
Varsel
Varsel er ein kolonne som dei andre, og kan flyttast og fjernast på same måte. Sjå Varsel.