Skip to content

Foreslå noko eller meld feil ​

Losen blir laga av éin person, og det er folk som brukar det som avgjer kva som kjem neste. Sei frå.

Nemn @markus@skvip.lol ​

Den enklaste vegen er eit innlegg på fediverset som nemner @markus@skvip.lol. Du kan skriva det frå Losen, eller frå kva klient som helst.

Merk gjerne innlegget med #Losen, så det er lettare å finna att.

Eit godt forslag ​

Fortel kva du prøvde å få til, ikkje berre kva knapp du saknar. «Eg vil sjå mindre av folk som postar heile natta» seiar meir enn «legg til post.hour». Kanskje det alt går an, eller kanskje det er ein betre måte.

Gjeld det straumspråket, legg ved straumen, eller berre den regelen det gjeld.

Ei god feilmelding ​

  • Kva du gjorde, steg for steg.
  • Kva du venta og kva som skjedde i staden.
  • Kvar: mobil eller maskin, nettlesar, og om du brukar appen.
  • Tenaren din, til dømes Mastodon eller GoToSocial, sidan dei oppfører seg litt ulikt.
  • Feilmeldinga, om det kom ei. Eit skjermbilete er gull.

Ikkje del innlogging

Losen spør aldri etter passordet ditt, og eg treng det aldri for å finna ein feil. Send ikkje nøklar, informasjonskapslar eller anna frå innlogginga.

Før du spør ​

Sjå Kjem seinare. Står det du vil ha der, veit eg om det alt, men det er framleis kjekt å høyra at nokon ventar på det.