Skip to content

Ofte stilte spørsmål ​

Er Losen ein Mastodon-tenar? ​

Nei. Losen er ein klient, som ein app. Du loggar inn med kontoen du har, og innlegga dine blir verande på tenaren din.

Kva tenarar verkar? ​

Mastodon, og i ulik grad andre som tilbyr Mastodon-API-et: GoToSocial, Akkoma, Pleroma, Sharkey, Iceshrimp og fleire. Støtte for ActivityPub-klient-API-et er planlagt.

Kvifor ser eg berre om lag 800 innlegg bakover? ​

Mastodon tek vare på om lag 800 innlegg i ei heimetidsline. Difor tek Losen vare på det han ser, i staden for å spørja etter historikk seinare. Jo lenger Losen køyrer, jo meir har han.

Er det maskinlæring her? ​

Nei. Kvart poeng kjem frå reglar du har skrive, og forklaringa visar kva for nokre.

Kan ein straum frå nokon andre gjera noko skadeleg? ​

Nei. Språket har ingen løkker, filer eller nettverk, og køyrer innanfor ei tidsramme. Ein straum kan berre sortera og gøyma innlegg i di eiga tidsline.

Kvifor heiter det Losen? ​

Losen er losen, han som vegleier skipet trygt inn. Logoen er signalflagget H, som tyder «eg har los om bord».

Kvifor er grensesnittet på nynorsk, men straumspråket på engelsk? ​

Straumane skal kunna delast med folk over heile fediverset, så orda i språket er engelske. Feilmeldingane er òg på engelsk enno.

Kor kan eg lesa meir om tanken bak? ​

På om.losen.social.