Hovudet
Hovudet er linjene øvst i fila, før den fyrste blokka.
feed "Tog og nynorsk"
about "Togprat og nynorsk fyrst, alt anna etter."
from home
within 48h
start with recency(6h)feed
Namnet på straumen, i hermeteikn. Det står i kolonnemenyen og på Utforsk. Adressa til straumen blir laga av namnet, med små bokstavar og bindestrek, så «Stille røyster» blir stille-roeyster.
about
Ei skildring på inntil 280 teikn. Valfri, men skriv ho om du gjer straumen offentleg, så andre skjønar kva han gjer.
from
Kvar innlegga kjem frå.
| Kjelde | Tyding |
|---|---|
home | Heimetidslina di |
list("namn") | Ei av listene dine |
tag("namn") | Ein emneknagg du følgjer |
Fleire kjelder skil du med komma: from home, list("tog"). Kjem eit innlegg frå fleire kjelder, blir det slått saman til eitt.
Berre home blir henta enno
list(...) og tag(...) er gyldige, men Losen hentar berre heimetidslina så langt. Kolonnen seiar frå når straumen ber om noko meir.
within
Kor langt tilbake straumen ser, til dømes within 24h eller within 3d. Utan within ser straumen 48 timar tilbake.
start with
Poenget kvart innlegg startar med, før reglane gangar det opp eller ned.
start with recency(6h)er standard. Poenget halverast kvar sjette time, så nyare innlegg startar høgare. Ein kortare halveringstid, somrecency(2h), gjer straumen meir oppteken av det nyaste.start with 1gjev alle innlegg same start. Då er det berre reglane dine som avgjer rekkjefølgja.
feed "Berre reglane"
from home
within 24h
start with 1
boost:
when post.author is mutual × 3