Skip to content

Kjem seinare ​

Desse orda står i designet, men er ikkje bygde enno. Redigeraren kjenner dei att og merkjer dei som planlagde, og feilmeldinga seiar «planned but not built yet» i staden for «ukjent».

Hjelparar ​

OrdTyding
post.hour, post.weekdayLokal tid innlegget kom
post is thread startDet fyrste innlegget i ein tråd
post.author.seen_todayInnlegg frå forfattaren du alt har sett i dag
post.author.followed_forKor lenge du har følgt dei
post.engagementSvar, boosts og favorittar, der tenaren gjev tal
post.author.serverTenaren til forfattaren
post is about "tog"Tyding i staden for ord, med ein lokal modell

Mix ​

InnstillingVerknad
max_per_tag = 3 per 20Hindrar éin emneknagg i å ta over
max_per_thread = 1 per 20Eitt innlegg per samtale
blend home 70%, list("tog") 30%Fast del per kjelde
fresh every 5Eit innlegg frå siste timen minst kvar femte plass

Byggja på andre sine straumar ​

Ein straum skal kunna byggja på straumar andre har skrive, så «Alice sin morostraum, men med færre filmar» blir tri linjer:

losen
feed "Moro, færre filmar"
based on @alice@example.social/fun v3

lower:
  when post.tags has any [film, movies]   × 0.3
OrdGjer
based on <straum>Tek ein heil straum: hovud, reglar, definisjonar og mix
include <blokk>: from <straum>Tek éi blokk frå ein annan straum
skip "namn"Fjernar ein arva regel med namnet hans

Ein referanse sluttar med ein versjon, som v3, og blir verande der til du endrar han. latest følgjer straumen og tek med kvar ny versjon.

Kjelder ​

list("namn") og tag("namn") er gyldige alt, men Losen hentar berre heimetidslina så langt. discovery, innlegg utanfrå dei du følgjer, kjem seinare.

Saknar du noko som ikkje står her? Sei frå.