Skip to content

Personvern ​

Kort sagt: Losen tek vare på så lite som mogleg, så kort som mogleg, og ingenting om deg når nokon andre.

Kva Losen lagrar ​

  • Innlogginga di, kryptert. Nøkkelen ligg ikkje i databasen.
  • Innlegg frå tidslina di i 30 dagar, så straumane har noko å rangera.
  • Teljing per forfattar per dag i 90 dagar, til author.rate.
  • Straumane dine og kolonneoppsettet til du slettar dei.
  • Økta i nettlesaren, som ein informasjonskapsel. Berre ein hash av han blir lagra, i 90 dagar.

Kva andre ser ​

Berre det du gjer offentleg: straumane du deler, med namn, skildring og at det er du som eig dei. Ein straum andre ser på eller følgjer, køyrer alltid på deira eiga tidsline, aldri på di.

Logg ut og slett ​

Loggar du ut frå siste økt, sluttar Losen å lesa tidslina di, og innlogginga blir gjeven tilbake til tenaren og sletta. Blir kontoen sletta, går innlegg, teljingar, profilar, straumar og innstillingar med.

Loggar ​

Tenaren loggar kva rute som blei brukt og kor lang tid det tok. Aldri adresser med id-ar, aldri innhald.