Skip to content

Hjelparar ​

Hjelparane er det ein regel kan testa, gjennom post og post.author. Tal om forfattarar kjem frå det Losen har sett i di eiga tidsline, ikkje frå heile tenaren.

Om innlegget ​

HjelparBrukast medTyding
post.langin, not inSpråket, slik tenaren oppgjev det
post.age<, >Tid sidan innlegget kom
post.tagshas, has any, has allEmneknaggar, utan omsyn til store og små bokstavar
post.cwhas, has anyOrd i innhaldsåtvaringa
post.texthas, has anyOrd i sjølve innlegget
post.mentionshas, has any, has all, <, >, =Kven innlegget nemner, eller kor mange
feed
feed "Om innlegget"
from home
within 48h

hide:
  when post.lang not in [nb, nn, en, sv, da]
  when post.text has "giveaway"

boost:
  when post.mentions has @markus@skvip.lol   × 1.5
  when post.age < 1h                         × 1.2

Kva slags innlegg ​

Med post is:

OrdTyding
boostEin boost av nokon andre sitt innlegg
replyEit svar, kva som helst
self replyEit svar på eige innlegg, som i ein tråd dei skriv åleine
conversationEit svar til nokon andre
noteEit kort innlegg, det vanlege
articleEin artikkel, til dømes frå ein blogg
videoEin video, til dømes frå PeerTube
questionEi avrøysting
pageEi side

Med post has:

OrdTyding
mediaHar bilete, video eller lyd
altAlle media har alt-tekst
linkLenkjer ein stad
previewHar eit lenkjekort
pollHar ei avrøysting
cwHar innhaldsåtvaring
mention of meNemner deg

Snu med not: not post has alt, eller post is not reply.

feed
feed "Kva slags"
from home
within 48h

hide:
  when post is conversation      as "samtalar mellom andre"

boost:
  when post is self reply        × 1.2   as "tråd"

lower:
  when post has media
   and not post has alt          × 0.5

Lenkjekort ​

Når eit innlegg lenkjer til ei side, hentar tenaren ofte eit lenkjekort med tittel, bilete og namnet på nettstaden. Desse hjelparane ser på kortet:

HjelparBrukast medTyding
post has previewhasInnlegget har eit lenkjekort
post.link.sitein, not inNettstaden kortet viser til, som nrk.no
post.link isisKva kortet viser: page, photo, video eller embed

Skriv nettstaden som eit domene, utan https://. nrk.no gjeld òg www.nrk.no og p3.nrk.no. Eit domene med fleire punktum, som bbc.co.uk, går fint utan hermeteikn.

embed er noko nettstaden lèt andre bygga inn, som ein song. page er alt anna som ikkje er bilete eller video, som ein artikkel.

feed
feed "Lenkjer"
from home
within 48h

hide:
  when post.link.site in [clickbait.example]   as "lokkeprat"

boost:
  when post.link.site in [nrk.no, nynorsk.no]  × 1.5
  when post.link is video
   and post.author is mutual                   × 1.2

Innlegg utan kort

Eit innlegg utan lenkjekort ligg ikkje på nokon nettstad, så post.link.site not in [...] gjeld det òg. Legg til and post has preview når du berre meiner innlegg med kort.

Om forfattaren ​

HjelparBrukast medTyding
post.author is followedisDu følgjer dei
post.author is mutualisDe følgjer kvarandre
post.author.rate<, >Innlegg per dag frå forfattaren, sett over 14 dagar
post.author.rate(30d)<, >Same, over eit vindauge du vel, inntil 90 dagar
feed
feed "Om forfattaren"
from home
within 48h

boost:
  when post.author is followed
   and post.author.rate(30d) < 2/week   × 3   as "nesten aldri"
  when post.author is mutual            × 1.3

lower:
  when post.author.rate > 30/day        × 0.6 as "svært travel"

Boosts og forfattaren

På ein boost er post.author den som skreiv innlegget, ikkje den som boosta det. Folk du ikkje følgjer, dukkar berre opp når nokon boostar dei, så dei har låg rate og ser stille ut. Kombiner rate med author is followed når du meiner folk du har valt å følgja.

Rate treng tid

Losen tel innlegg frå forfattarane i tidslina di kvar dag, og tek vare på teljinga i 90 dagar. Fyrste dagane etter innlogging veit Losen lite, så author.rate blir betre jo lenger du har brukt det.